Sted: |
Oslo, Nasjonalgalleriet |
Fra: |
27.07.07, 14:00 |
Til: |
27.07.07, 15:00 |
Grieg Force-utøvarane Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky framfører ”Norske folkeviser opus 66” på ulike stader i Jotunheimen.
Grieg tolka og omarbeidde folketonane han høyrde til klaverstykke og samla dei i sitt opus 66. Mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Seinare skulle det bli fleire møte med ho i Jotunheimen, og ho er truleg kjelda til åtte av songane i samlinga. Løvlid og Kwetzinsky har intervjua personar som kjende Gjendine Slålien og vil formidle delar av dette materialet vidare til publikum. Dei vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon.
Konserten er ein del av Oslo Grieg Festival. Sjå www.oslogriegfestival.no.